Om Meg

Hallo, her har du meg! I grunn ein ganske enkel kar, som kan seia seg nøgd med ein god gitar og ein god kopp kaffi.

Elles voks eg opp i Bø i Telemark, i ei smal og lita grend som heiter Eikjabygda. Har var det lite sol og mykje mygg, mykje fridom og lite politi. Eg var ikkje gamle skrotten da eg fyrste gongen kjende ei tiltrekking mot scena. Fyrste konserten eg hadde var på den gamle grendeskulen Eikjabygda skule, i høve 17. mai, med Bæ bæ lille lam på repertoaret.

Da eg blei tolv, plukka eg opp mammas nylonstrenggitar (ein husmormodell) som støva ned bak sofaen. Eg fann fram nokre gamle ark ho hadde fått på gitarkurs ho gjekk på i si tid, men som ho måtte slutte på for å unngå å klyppe dei fine, lange neglane sine. Eg fekk fort fot på gitarspel og øvde mykje. Eg gjekk som dei aller fleste unge, håpefulle rockestjerner igjennom riff frå AC/DC, Metallica, og Iron Maiden, og starta så på eit nybegynnarkurs med heile bygdas gitarlærar Alf Gjessing.

Seinare, etter ungdomsskulen, begynte eg på Skien vidaregåande skule, nærmare bestemt musikklina. Dette var tre lærerike år, der eg fekk augo stadig meire opp for country og bluegrass. Parallelt med timar i Skien, hadde eg nokre gitartimar med ein som etter kvart har blitt ein god ven og bandkollega, nemleg Jon Solberg. Eg spelar med Jon i bandet Ugras, og han er au med meg på plata mi. Han har i mange samanhengar gjeve meg svar på ting eg lurar på innafor musikken. Han er på ein måte eit slags orakel, men kan au ta feil!

Eg har teke lærarutdanning i Bø/Notodden og studert folkemusikk eit år i Rauland. Eg jobbar nå som gitarlærar/bandlærar hjå Nome kulturskule, samtidig som eg har privatelevar. Nå i desse dagar, gjer eg alt eg kan for å spela så mykje som mogleg rundt forbi med min eigen musikk. Eg spelar og skriv òg i eit band som heiter Ugras. Me ga ut ei plate 15. august 2015. Musikken me spelar og komponerer er mykje inspirera av folkemusikken i USA, både old time og bluegrass, og tekstane er på Bø-dialekt.

Eg har i mange år nå skrive eigne tekstar og melodiar, med tekstar på Bø-dialekt. Eg synest det var på tide å prøve seg litt på eigne bein, å gje ut ei soloplate. Det har vore ein høg terskel å trå over, ei dørstokkmil, kan du seia, men ein for stor draum til å la ligge i fred.

Eg synest det kan vera vanskeleg å plassere musikken, for ein vil jo bestandig la seg påverke av det ein lyttar til og dei forbilda ein har. Mine forbilde er innafor singer-songwriter, bluegrass, og viser, så i midten der ein plass høyrer eg vel heime.